
JONES HYTTEGREND
DRØYMER DU OM EI HYTTE VED SJØEN?
Jones hyttegrend ligg på eit nes på øya Skorpa i Kinn kommune i Vestland fylke.
Eit hytteliv på øyane i Flora er heilt spesielt, og byr på spektakulære møte med naturen: Alt i frå varme og idylliske dagar – der ein kan ta eit morgonbad i sjøen rett nedanfor hytta – til vêr og vind som kan nytast frå hyttevindauget.
Joneset er eit ferdig regulert hyttefelt med 8 tomter. Dei ligg skjerma frå kvarandre i eit kupert landskap. Biletene er illustrasjonar, sjå gjerne reguleringsplan for korleis hyttene vil ligge i terrenget.
Prisantydning: 650.000 - 800.000 kr per hytte. For heile feltet: høgstbydande over 2.5 mill kr.
Er du interessert i hyttetomt i Joneset?
Eller ønskjer du å ta over heile hyttefeltet?
Kontakt meg her.


TILKOMST
Det går daglege ruter med båt/bilferje mellom Sør-Skorpa og Florø. Reisa tek om lag 20 minutt.
Frå Bergen går det ekspressbåt fleire gongar dagleg som korresponderer med båt frå Florø til Sør-Skorpa.
Florø Lufthamn har daglege ruter frå Oslo og Bergen.
AKTIVITETAR

Båt og fiske
Fine båt- og segleområder, samt gode fisketilhøve.

Kinnaspelet
På naboøya Kinn vert Kinnaspelet arrangert kvart år i juni - eit historisk teater som er verd å få med seg.

Fine turløyper for alle
Ein kan blant anna gå på nordsida av øya, rundt Vardefjellet til Båsundet, eller få fugleperspektivet frå Blåkollen (398 moh.).

Padling
Kanoutleige ved Kvernhusvatnet for barn og vaksne.
GALLERI








































